Hjem | Liste | Akantus | Delta | Om

Zander Kaaes Stiftelse

Adresse: Kong Oscars gate 67

Byggeår: 1769/70

Arkitekt: Johann Joachim Reichborn

Byggherre: Zander Kaaes Stiftelse

Notater:

Zander Kaaes stiftelse ligg i Kong Oscars gate i Bergen, litt innanfor Stadsporten, i eit strøk som før - og i stor grad enno - var prega av sosiale institusjonar, hagar og kyrkjegardar. Den freda bygningen er bygd i 1769 og er ein trefløya tømmerbygning i ein etasje, med kvitmåla panel, høgt saltak med svai, tekt med raud tegl, og portal og spissgavla ark i midtaksen. Også på baksida er det ein tilsvarande ark, og to små utbygg med pulttak. Gardsplassen mellom fløyene har brosteins- og helledekke og to symmetriske bed, og er mot gata lukka av eit 1800-tals smijernsgjerde. Bygningen ligg i hjørnet av ein firkanta hage, om lag 50 x 46 m, på dei tre sidene som vender mot gate omkransa av ein kvitkalka gråsteinsmur, tekt med eit sua bordtak på utsida, raud tegl på innsida. I søraust grensar eigedomen opp til Grand Hotel Terminus. Hagen har store lauvtre langs gjerdene, elles grasplen. (Fra https://kulturminnesok.no)