Hjem | Liste | Akantus | Delta | Om

Danckert Krohns stiftelse

Adresse: Kong Oscars gate 54

Byggeår: 1789

Byggherre: Zander Kaaes stiftelse

Notater:

Danckert Krohns stiftelse ligg ved Kong Oscars gate i Bergen. Den freda bygningen til stiftinga er bygd i 1789 og er i form og dimensjonar nesten ein kopi av den 20 år eldre Zander Kaaes stiftelse 100 m lenger sør i gata, nemleg ein trefløya tømmerbygning med kvitmåla panel, ein etasje, høgt saltak, og portal og ark i midtaksen. Bygningen ligg på ein stor eigedom, som tidlegare strekte seg opp skråninga mot Skivebakken, ramma inn av steingjerder. Ein 8 m brei passasje i midtaksen til huset førte ned til Kong Oscars gate. Ut mot gata låg her på sørsida kyrkjegarden til St. Jørgens hospital; der står no ein murleigegard frå 1890-åra. På nordsida av passasjen låg ein privat hage som i dag er innlemma i eigedomen. Ein ny bygning for stiftinga, eit langstrakt murhus i avdempa nyklassisisme, vart reist bak det gamle huset i mellomkrigstida. I 1971 fekk det freda huset eit tilbygg på nordsida, med fasadar av slemma tegl og pannetekt valmtak. (Fra Kulturminnesok.no)